RELEVANTE LINKER
» Sjå John Edwards si tale sjølv - på dems2004.org
Eg høyrde fleire setningar frå John Edwards si landsmøtetale på radioen før eg slo av. Hadde eg høyrd meir hadde eg spydd.
av John Chuckman
--------------------------------------------------------------------------------
Slik som det var fekk eg eit grufullt flashback til då eg var tolv år gamal og på midtvestbaptistane si leir, Camp Sycamore. Der sat eg i møtehallen i betong, med skjorta klistra til stolen medan ein struttande liten prest sprøyta spytt- og sveitteperler inn i skumringa medan han skreik om helvete.
John Edwards er ein rein Elmer Gantry (ref. til kjend bok og film - sjå t.d: http://www.amazon.com/exec/obidos/tg/detail/-/0451522516/104-8735699-3623155?v=glance, red.anm).
Men kva kunne du venta deg frå ein fyr som brukte tjue år på å springa etter ambulansar på jakt etter djupe lommer han kunne saksøkja, alltid viftande med armane og smilande som eit ekorn? Amerika sine advokatar og evangelistar-til-sals har mykje til felles, og når dei kjem frå stader som Dog Bite, North Carolina, er det mest umogleg å skilja dei frå kvarandre. Det er alltid eitt sirupssøtt ytre og eit skinande smil - berre tenk på Jerry Falwell og Pat Robertson - i den nådelausa jakta på ting som samfunnet hadde klart seg best utan.
Her er nokre liner frå John si offisielle heimeside om korleis han ser på karriera si: "I... tjue dedikerte John karriera si til å representera familiar og born skada av andre si skjødesløyse. John hjalp desse familiane gjennom å stå opp mot den mektige forsikringsindustrien og deira armear av sakførarar, og dermed med å koma gjennom dei mørkaste stundene i liva sine og å takla enorme utfordringar. Hans glødande kamp for folk som dei som arbeidde i mølla med far hans gav han respekt og anerkjenning landet rundt".
Det høyrest ut som ein reklame for den neste episoden av "Rescuing Little Nelle from the Clutches of Snidely Whiplash". Sjølvsagt er det det som ikkje som ikkje vert sagt som ofte er viktig. Kvifor kjempa John berre for "familiar og born"? Er det noko gale med å representera folk utan familiar eller born? Sjølvsagt ikkje, men språket hans er kloakk henta frå den republikanske familieverdikomposthaugen.
Stod John mot armear med advokatar? Nei, faktisk var John ein i rekkene av advokatar som no svermar over Amerika som om det skulle vore eit uheldig utslepp av mordarbier frå eit laboratorium. Over alt dei kjem sprer dei konflikter og frykt. Reklamen seier ikkje at i løpet av desse tjue åra har John gjort seg sjølv til ein svært rik mann gjennom saker som har bidratt til høgare forsikringsprisar for oss alle, men det er sanninga. "Stått opp mot den mektige forsikringsindustrien" kunne like så godt våre "Sugd så mykje pengar han kunne ut frå dei store pengebingane til forsikringsindustrien". Som så mange av Amerika sin noverande avling krokodilletåreevangelistar som håpar å sjå ein reprise av brød- og fiskmirkalet frå kollektbøssene hjalp John familiar gjennom deira "mørkaste stunder", og klarte såvidt å samla seg opp ei formue til han kom i førtiåra. Vel, eg har ikkje noko mot suksess, men eg har noko mot ei slik falsk framstilling.
Sidan dei fleste søksmål er sosialt nedbrytande og økonomisk uproduktive er det noko særleg uroverkkjande over at eit av rovdyra i bransjen søkjer ein høg posisjon. Det er jo amerikanske lovgjevarar si manglande emne til å gje tilstrekkeleg gode lover og anstendige reglar som har skapt den trugande jungelen der søksmål blomstrar.
Å lesa resten av John si tale på Internett hadde ein fordel, eg slapp å høyra hans 'folkelege' tone og å sjå hans overveldande og godt innøvde kroppspråk. Likevel skjøna eg fort kvifor John var så god som advokat. Folk ville vel inngå forlik berre for å sleppa å høyra han i retten i månadsvis. Min favorittdel i talen hans er denne:
"Når du vaknar om morgonen og sit ved borna dine rundt kjøkenbordet og snakkar med dei om dei store moglegheitane i Amerika, gjer deg trygg på at dei veit at John (Kerry, red.anm) trur i våre kjerner (uttrykket brukt på engelsk er "at our core", når det er omsett til kjerne er det ut frå omsyn til meiningsinnhald seinare i artikkelen, red. anm) at i morgon vil vera betre enn i dag. Som alle andre har eg lært mange lekser i livet mitt. To av dei viktigaste er at, for det fyrste, det alltid vil vera liding og kamp, du kan ikkje få den til å forsvinna. Men den andre er at folk som har ei god og sterk vilje kan gjera forskjell. Den eine leksa er ei trist ei, den andre er inspirerande. Me er amerikanarar og me vel å vera inspirerte".
I tillegg til at halvparten av Amerika sine ekteskap ender i skilsmisse kan du aldri overbevisa meg om at mange av familiane som finst att tar opp "Amerika sine store moglegheiter" rundt frokostbordet. Ser du ikkje for deg dei urolege borna som hyler om korleis nokon åt opp all frokostblandinga eller om kva for ein idiot mattelæraren er før dei brått fell til ro når faren i huset bestemmer seg for å løfta sine Lincoln-aktige augebryn, kanskje etter ei velsigning av dagens porsjon Kelloggs, og byrjar å snakka om dei store moglegheitane i Amerika. Høyrest ikkje det berre litt for rart ut? Dersom det er dette som føregår heime hjå John bør du vera redd for at han kjem til makta. Dersom det ikkje er dette som skjer - kvifor seier han det?
Sanninga er, og eg er sikker på at John veit dette, at få familiar i det heile sit saman rundt frukostbordet i Amerika, og dersom dei faktisk gjer det er det størst sjanse for at eit fjernsyn okkuperer den tida. Og for millionar av fattige familiar er det slett ikkje frukost for bordet. Er det ikkje difor Head Start gjev born mat på skulen? Sjølv i middelklassefamiliar i forstadane har dei det travelt nok med å koma ut av dørene tidsnok til å nå morgonrushet eller stader der dei priviligerte borna skal sleppast av for ein av sine mange aktivitetar. Og korleis liker du den setninga om at det i frukostseremonien også skal gjerast plass til å "gjera deg trygg på at John og eg trur i våre hjarta at i morgon vil vera betre enn i dag". John og eg trur i våre hjerte? Kvifor kan dei ikkje berre tru? Kvifor må det vera i deira kjerne - kva det no enn tyder? Ordet synast å fortelja om ein atomreaktor, og ikkje om eit menneske. Uansett, det har vore nok av forstyrra individ opp gjennom historia som har gjort krav på ei eller anna form for mystisk kjerne av noko-eller-noko-anna. For å vera ærleg er denne utsegna så patroniserande og latterleg at ho får meg til å lura på kor rasjonell John kan vera.
Og kva meiner John med at i morgon skal vera betre enn i dag? Det minner om orda til ein bestemt gamal amerikansk religionsprofitør som brukte å opna pengejaktene sine med å seia: "Noko BRA skal skje med DEG!". Men det er verre enn det, fordi det er så utruleg usannsynleg og dumt, han gjev deg ei oppmoding til å snakka alvorleg med borna dine om dei hovudlause reklamepåstandane til to kjøpte og betalte politikarar. John har ein eller to minigudstenester i nesten kvar einaste korte avsnitt. Du skulle tru at han freista å bli soknerådsformann og ikkje visepresident. Eg liker hans fyrste lekse "det vil alltid vera liding og kamp - du kan ikkje få den til å forsvina". Er det dette leiarar i store land skal snakka om? Treng me valkampanjar med ord knabba frå Oprah Winfrey?
Og så er det: "At folk som har ei god og sterk vilje kan gjera forskjell. Den eine leksa er ei trist ei, den andre er inspirerande. Me er amerikanarar og me vel å vera inspirerte". John tenkjer truleg på den typen "inspirert" prestar snakkar om, som Guds inspirerte ord. Den typen inspirert tillet ingen feil, Gud gjer ikkje slike, og heller ingen spørsmål og ingen kritikk. Fint for ein politikar å omfamna, føl deg sjølvrettferdig, medan du i realiteten ber folk om å halda kjeft.
I den verkelege verda, og det er jobben til politikarar å forhalda seg til denne, er ikkje alltid "inspirert" ein sunn sinnstilstand. Inspirert av kva? Inspirert til å gjera kva? Folk kan like gjerne vera inspirertt til å gjera forferdelege ting som til å gjera gode ting. Orda vert ofte brukt av tilhengjarane til store tyrannar. Tyskarane brukte ofte ordet for å skildra Føraren. Blodbadet i Vietnam var inspirert av ei sjuk, nesten religiøs tru på at ein måtte stogga kommunismen. Vil du ikkje seia at den smilande svindlaren Pat Robertson var inspirert når han nyleg ytra framom med å invadera Iran for å kasta heidningane?
Avsnittet er fullt av setningar som får ein til stilla å spørsmål. Utgjera ein forskjell til kva? Eg kan ikkje hjelpa for å tenkja på klisjeen om at vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar. Sorry, John, men det er ikkje mangel på leiarar med sterke viljer i verda, og kvar einaste ein av dei trur på sin eigen godskap. Det faktumet er ganske sikkert ein av menneskerasa sine verkelege forbanningar.
Resten av John si tale er overstrødd med drepande klisjear og jamvel motsetjingar. Ein stad seier han "Eg står her i dag klar for å arbeida saman med dykk og John [Kerry] for å gjera Amerika sterkt igjen". Vel, eg trur at det siste ein kvar tenkjande person på planeten ynskjer seg er folk som arbeider for å gjera Amerika sterkare. Amerika har destabilisert to land, drepe titusenvis av menneske, torturert og fengsla folk feilaktig berre fordi det hadde makt til å gjera det. Makt fungerer på den måten, som Lord Acton så klokt sa, den korrumperer. Jakt etter nok av ho og du får absolutt korrupsjon.
John si tale tar opp temaet med to Amerika, og dersom han hadde teke for seg det genuine problemet med to forskjellige og skilde samfunn i Amerika (faktisk trur eg det er tre, inkludert den rike klassen representert av alle presidentkandidatar) kunne kanskje sagt noko verdt å høyra på. John seier: "Men sanninga er at me framleis lever i to forskjellige Amerika, ein for folk som har levd den amerikanske draumen og ikkje treng uroa seg meir og ein for dei fleste amerikanarane som arbeider hardt og framleis strevar for å få endane til å møtast. Det treng ikkje vera slik". Men det var John sjølv som akkurat fortalde oss om korleis kamp og vanskar ikkje vil forsvinna, var det ikkje? Så, kva er det han seier?
Om utdanning seier John: "Me burde ikkje ha to offentlege skulesystem i dette landet, eit for dei rikaste samfunna og eitt for alle andre. Ingen av oss meiner at kvaliteten til eit born si utdanning burde verta kontrollert av kor dei bur eller kor rikt samfunnet deira er".
John må vita godt at utdanning ikkje i fyrste omgang er eit ansvar for den føderale regjeringa under USA si grunnlov frå syttenhundretalet, så kva snakkar han om? Kva føreslår han å gjera med situasjon der nokre skular i forstadane har professorar som lærar og klasseturar til Europa, medan skular i urbane strok har rom med rusta kranar og bunsenbrennarar som ikkje verkar? Sanninga er at alle gode ting i Amerika, inkludert medisinstell og politisk makt vert delt ut etter emne til å betala, så kvifor skulle det vera annleis med utdanning?
John legg til: "Me burde ikkje ha to ulike økonomiar i Amerika, ein for folk som er sikra for livet, borna deira og borneborna deira og ein for dei fleste amerikanarane som lever frå lønning til lønning". Kva betyr dette, utover populistisk tåkeprat? Eg har inga aning, og eg mistenkjer at John heller ikkje har det.
Her har du presten John om problem: "og du veit kva som skjer om noko går gale - eit born vert sjukt, nokon får sparken eller om det er eit finansielt problem, du går rett utanfor stupet. Og kva er det fyrste som forsvinn? Det er draumane". Draumane? Eg trur verkeleg at det siste folk i problem er uroa over er draumane sine. Dei er opptekne av å kome seg gjennom dagen med eit fnugg av stoltheit att, eller kanskje av å overleva. Gjer John dei ekte hjelp eller eit luftslott av draumar og inspirasjon?
Her er eit utval juvelar frå Presten John om 11. september: "Me vil gjera akkurat det som trengst, så lenge det strengst, for å trygga oss mot at det skal skje igjen, ikkje mot vårt Amerika", "Me skal styrka den nasjonale tryggleiken og hamnene våre, vakta om den kjemiske industrien vår og støtta brannmennene, politiet og ambulansepersonllet. Me vil alltid bruka vår militære makt for å trygga det amerikanske folket", "Og me har ein utvilsamt klar beskjed til al-Qa'ida og resten av desse terroristane. De kan ikkje springa. De kan ikkje gøyma dykk. Og me kjem til å øydelegga dykk".
Trur John at det er folk i USA - med unntak av den vesentlege gjengen med militstypar, survivalists og folk som gler seg til Armageddon som ynskjer at det skal skje igjen? Meiner han at det er folk, bortsett frå dei rundt to millionane i fengsel, som ikkje stør politiet? John sitt løfte om å jakta terroristar er henta rett ut frå superheltteikneseriane, og er det ikkje akkurat dette den forvirra Bush trur han har drive på med heile tida? Kva føreslår John som er annleis? Han seier absolutt ingenting om å bruka vanlege diplomatiske og juridiske kanalar for å ta valdelege kriminelle, og ingenting om å styrka internasjonale institusjonar. Nei, det er berre Amerika-ditt og Amerika-datt, det same totalt narsissistiske greiene som gjer at verda er kvalm av å høyra frå Amerika. Ingen ynskjer seg ein ven som berre snakkar om seg sjølv og nekta å hjelpa nokon utan på sine eigne vilkår, men amerikanarar som John trur at desse eigenskapane på ein eller annan måte vert attraktive i verdenspolitikken. Til liks med sin medkandidat Kerry leverer han berre endå meir trugslar om å ikkje nøla med å bruka militærmakt for å drepa endå fleire folk.
Hugs på at John sit i Senatet sin etterretningskomite og dermed har ei svært høg tryggleiksklarering og spør deg sjølv kva han var i stand til førutsjå eller kjempa for anten før eller etter 11. september. Svaret er: Ikkje mykje. John sitt yndlingsprosjekt er no å starta eit nytt innanlands etterretningsorgan - endå eit organ til milliardar av dollar på topp av det eksisterande nettet av organ og dette dedikert spesielt til å spionera på innbyggjarar i landet. Høyrest det ut som ideen til nokon som genuint er oppteken av rettar og fridom? Nokon burde spørja John om han er ein tilhengjar av å avskaffa den forferdelege Patriot Act, men eg tviler på at han ville koma med eit ærleg svar.
Presten John kombinert med Kerry - den skummelt ambisiøse mannen viss forståing av mot tydde å skyta sivile trygt frå ein elvebåt i Vietnam - gjer at eg har eit dystert bilete av framtida for Amerika og dermed for verda. At dette uærlege paret og den usmakelege Bush er det beste Amerika kan tilby som leiarar seier noko grufullt om denne skremmande mektige nasjonen: landet er råka av ein øydeleggjande fattigdom når det gjeld kreativitet og ånd.
--
John Chuckman er tidlegare sjefsøkonom for eit større canadisk oljeselskap. Han reiste som ein fattig ung mann frå Chicago i protest mot Vietnamkrigen. Han tek i mot kommentarar på adressa: chuckman@YellowTimes.org
Kommentaren er henta frå YellowTimes.org, ei internasjonal alternativ nettavis. YT oppmodar til at stoff frå avisa vert spreidd så lenge den originale kjelda vert gjeve opp. Denne omsetjinga er gjort av dilettant.no og kan nyttast fritt så lenge YT sine krav er stetta.
Wednesday, June 01, 2005
JOHN CHUCKMAN TRANSLATION: IN ITALIAN
Una delle grandi scoperte del tardo 20mo secolo fu l'esistenza dei buchi neri.
La loro esistenza era implicita nella teoria della relatività di Albert Einstein e le loro inimitabili caratteristiche furono elaborate da Stephan Awking ed altri. In generale, una nuova generazione di telescopi ed osservatori a raggi X ci permisero di osservare direttamente quello che era stata la teoria.
Come ogni ragazzo affascinato dalla scienza sa, derivano da stelle che collassarono perché i loro motori a fusione sprizzarono benzina. Il risultato fu che pezzi di massa si ingrossarono catturando materia ed energia attiva, entrando nei loro spazi gravitazionali.
Il moderno Israele prese spunto di un'idea come grande stella , un rifugio per un popolo orribilmente ingannato, ma molti osservatori sono oggi d'accordo che la grande stella parve collassarsi in una oscura massa che avvolgeva lo spazio geopolitico dell'intero pianeta.
Il mondo si aspetta che Mr. Bush si lanci in una terribile guerra contro l'Iraq. L'unico scopo di questa guerra era un colpo preventivo agli in stancabili avversari di Israele .Ma la buona fede della nazionale discussione in America è così distorta dalla massiccia gravitazionale corrente che persino molti oppositori della guerrra non capiscono che cosa devono obiettare.
Nessuna testimonianza significativa è stata offerta alle insistenti asserzioni di Bush.Un argomento per proteggere le fonti intelligenti potrebbe essere accettato come ragione per non rilasciare dettagli al popolo, ma il ridicolo è che nessuna prova è stata fornita ai leaders della Nato. Francia e Germania non richiederebbero la relazione visto che sono stati velocemente tacitati poiché per Mr. Powell il caso era diverso.
L'Irak non ha disturbato nessuno per 12 anni, e allora perché la subitanea corsa alla guerra prima che gli ispettori delle armi avessero compiuto il loro lavoro? L'unica spiegazione che appare giustificabile è che il momento temporaneo, furibondo della pubblica opinione americana, originato dal 9 XI può essere indirizzato verso una guerrra che non potrebbe essere sostenuta altrimenti.
Non importa l'invenzione deliberatamente sviante dell'invenzione di armi di distruzione di massa, non c'è nessuna prova che l'Iraq abbia armi significativamente strategiche. E' virtualmente certo che non ha materiale fissile per armi nucleari e sappiamo, dai capi ispettori delle armi, che le costose facilitazioni per la fabbricazione di materiale fissile sono state distrutte.
Non c'è nessuna prova che Saddam Ussein abbia avuto in passato affari con Al Queda, anzi è noto che c'era una considerevole animosità tra Hussein e Bin Laden
La conoscenza che il segreto programma di armamento fosse stato ricostituito dopo che gli ispettori delle armi lasciarono l'Iraq nel 1998, potrebbe aver successo se le squadre di ispettori ben equipaggiate dalle agenzie intelligenti avessero potuto scorazzare su tutto il territorio irakeno, liberi in ogni momento di agire, sarebbe veramente illusorio. E notizie illusorie sono una pericolosa base per andare in guerra.
Per rassicurare Israele, ogni partito ragionevole vorrebbbe vedere in Iraq un regime strettamente controllato, ma questo non è sufficente per il sempliciotto Presidente Americano che insiste per fare la guerra e infliggere altri orrori ai civili Iracheni. E non è sufficente per Mr. Sharon che incita Mr. Bush e proclama maniacalmente che l'Iran dovrebbe essere attaccato in seguito.
Come può la gente dimenticare, oppure non gliene importa, che la guerrra moderna significa la morte di molti civili. La proporzione tra civili e militari uccisi è cresciuta esponenzialmente fin dalla prima guerra mondiale. Il punto focale per l'America sul super controllo aereo e la sua riluttanza ad accettare qualsiasi casualità può solo far peggiorare il trend. La questione di andare in guerra ora, per l'America è che tiene poco conto della morte perché i morti sono sempre di più dall'altra parte e non sono sotto gli occhi di un pubblico che si ritiene informato da una stampa pesantemente indifferente.
Le istruzioni della stampa del generale Schwarzkopf con le clips di film ad alta definizione, durante la tempesta del deserto, lasciano l'impressione che le munizioni di precisione avevano ridotto la guerra ad una pulita, senza sangue computer game.
La verità è che circa il 95% delle munizioni usate nella guerrra del deserto non erano di precisione. Le munizioni di precisione sono estremamente costose ed estremamente precise per questo sono destinate ad applicazioni speciali. Le buone vecchie, stupide bombe e l'artiglieria sono le uniche cose da usare quando si vuole fare in fretta una cerneficina. Qulcosa come centomila civili Irakeni sono stati uccisi dalle munizioni americane che non erano di precisione.
Quello che ci aspettiamo per questa guerra abbiamo la sensazione che l'economia si arrenda e si pieghi alle minaccie e con l'incertezza di una vasta e distruttiva promessa inflazione e disorganizzazione che sempre accompagnano le guerre e all'inconfessabile e pazzo vortice sul prezzo del petrolio.
Quello che ci aspettiamo da questa guerra abbiamo la sensazione che l'economia si arrenda e si pieghi alle minaccie e alll'incertezza di una vasta e distruttiva impresa alla promessa inflazione e disorganizzazione che sempre accompagnano la guerra e all'inconfessabile pazzo vortice sul prezzo del petrolio.
Come ci aspettiamo da questa guerra, il Presidente ha indirizzato a un imbarazzante mondo al ritmo di una fondamentalista, enorme predica dal suo pulpito , minacciando il fuoco dell'inferno offrendo ai cinque e tre quarti di bilioni di gente che vive fuori dell'America ma che sono ancora attaccatissimi alle sue arbitrarie decisioni, rassicurando osservazioni come " il corso di questa nazione non dipende da decisioni di altri."
Il Presidente mescola l'incertezza economica appoggiando intensi deficit e offrendo di tenere quieti gli americani preoccupati, con giganteschi tagli di tasse, una bizzarra economica versione di "potete avere tutto e averlo ora"
Come ci aspettavamo da questa guerra, Israele ridusse la West Bank in uno squallido paesaggio senza speranza. Tutti i precedenti impegni, come quello dell'accordo di Oslo, sono stati ignorati. Tutte le passate risoluzioni delle Nazioni Unite, imponenti risoluzioni su Israele sono state ignorate persino mentre gli U.S. asseriscono che l'Iraq deve essere attaccata per aver ignorato le risoluzioni delle Nazioni Unite. Il Leader della Palestina è trattato come un virtuale criminale sotto forma di arresti domiciliari col quale è impossibile ogni discussione.
Nessun più degno nemico di ingiustizia e odio soffiava su Nelson Mandela e Desmon Tutu. Essi avevano messo in chiaro senza tema di errore che cosa vedevano nella West Bank, una ripetizione in ogni dettaglio dell'odioso regime di Aparheidness del Sud Africa, ma la collassante forza del destino assorbì anche le emozioni di simpatia che avrebbero dovuto attrarre gli Americani. Come ci aspettavamo da questa guerra, che Israele avesse avanzato approcci con gli U.S. per 1O bilioni di dollari o più di assistenza, oltre i tre bilioni che riceve automaticamente ogni anno ( e per giusto dovrebbero aggiungere i due bilioni pagati annualmente per far stare tranquillo l'Egitto ). Questo denaro è estremamente necessario perché Israele sta conducendo una guerra apparentemente a perpetuità.
Israele si comporta come una piccola repubbmica regionale geopolitica degli S.U. anche nell'intento di voler costruire una triade di forze nucleari ( missili di terra, bombardieri, missili con basi sottomarine tutte nucleari compatibili). Questa è una nazione la cui popolazione è circa uguale a quella dell'Ecuador, circa un decimo dell'un per cento della popolazionne mondiale. I costi di questo sperpero sono indescrivibili.
La guerra del terrore di Bush, piuttosto che essere una chiara campagna perdente contro questi attuali responsabili per un 9/11 , è diventata l'etichetta di rancori contro tutti quelli che sulla facciA della terra ostaacolano o si oppongono alla politica estera americana. La guerra del terrore è un buco nero che succhia energie, risorse, principi.
Non è come se una buona parte del mondo non capisse che cosa sta succedendo. Ragionevoli voci vengono dalla Francia, dalla Germania, dall'Italia, dal Canada, dall'Egitto, dal Sud Africa, dalla Russia, dalla Cina, da altrri paesi, ma Bush annuncia che se è necessario " lo farà da solo" , cioè l'intero pianeta VOLENTE O NOLENTE deve essere coinvolto in un grande vortice di distruzione.
John Chuckman

Subscribe to:
Posts (Atom)